Klokkargarden psykiatriske senter på Varhaug har fått Rogaland fylkeskommune sin arbeidsmiljøpris for 2001. Prisen vert gitt til fylkeskommunale arbeidsplasser som fremjar godt arbeidsmiljø.
“Målretta arbeid med tryggleiken for dei tilsette”
“Stor vekt på å forebyggje vald og uro”
“Langt færre skademeldingar”
Klokkargarden psyk.senter anvender Løvstadskolen sitt program Terapeutisk Mestring av Vold (TMV) som trygghetsskapande tiltak og verktyg for å forebyggje vald.
– Prisen er ei stor oppmuntring, seier Rolf Haaland, styrer ved Klokkargarden psykriatiske senter. – Ei slik påskjønning stimulerer til videre innsats for å gjere arbeidsmiljøet endå betre. Eg trur ikkje at pasientane våre kan få eit godt behandlingstilbod utan at vi har eit godt arbeidsmiljø.
I grunngjevinga for å få prisen vart det lagt vekt på at Klokkargarden har utarbeida ein oversiktlig og brukarvennleg perm for helse, miljø og sikkerhetsarbeidet ( HMS ) ved senteret. Leiinga og dei tilsette ved senteret har utvikla det psykososiale arbeidsmiljøet, og fleire tiltak som rettar seg mot dei tilsette sitt fysiske arbeidsmiljø er gjennomført.
Klokkargarden har både sine tilsette og pasientane å ta omsyn til. Ved senteret er det utarbeida ein oversiktlig kvalitetsperm som lettar arbeidet for dei tilsette og som samstundes gir pasientane eit faglig godt tilbod.
– Vi har eit målretta arbeid med tryggleiken for dei tilsette. Gjennom dette arbeidet legg vi stor vekt på å forebyggje vald og uro. Resultatet ser vi i form av langt færre skademeldinger, seier Haaland.
Stabilt
I løpet av dei siste tre åra har Klokkargarden klart å opparbeide ein stabil arbeidsstokk. Senteret har satsa på å rekruttere erfarne fagpersonar i tillegg til vidare- og etterutdanning av tilsette.
– Å få ein slik pris er og viktig for å rekruttere nye tilsette ved Klokkargarden, seier Haaland. – I dag har vi 62 tilsette, dei fleste i heile og tre kvart stillingar. Akkurat i dag har vi 43 pasienter på senteret som har plass til 45. Vi legg stor vekt på å ha ledig kapasitet til korttidsplassar. For dette året ser det ut til at vi kjem opp i 140 korttidsopphald, noko som er 40 meir enn det vi planla for året.
Gagne miljøet
Arbeidsmiljøprisen 2001 er ein diplom og en sjekk på 25.000 kroner. Haaland har akkurat sendt et skriv til alle tilsette der han ber om forslag til kva pengane skal nyttast til. Vilkåret er at det skal gagne arbeidsmiljøet.
Fra artikkel i Jærbladet 31.11.01